|
I medhald av plan- og bygningslova §12-8 har det faste utvalet for plansaker i møte 04.03.10, sak PLA 015/10, gjort vedtak om utvida planområde og forlenga høyringsfrist.
Bakgrunn for utviding av planområdet er behovet for å vurdere alternative kryssløysingar for fv.60, samt gang- og sykkelvegløysingar, sjå saksdokument og kartutsnitt.
Vedtaket er basert på vedtak i PLA 21.01.10, sak 002/10, vedk. offentleg ettersyn av planprogrammet for reguleringsplan Korsbakken. I samband med utviding av planområdet er høyringsfristen forlenga frå 10.03. til 24.03.2010. Aktuelle høyringsinstansar og berørte naboar vil verte varsla i eige brev.
Til orientering vart oppstart av reguleringsarbeidet kunngjort etter vedtak i kommunestyret den 25.03.09, sak KOM 026/09. Reguleringsplanen vil utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). KU vil saman med framlegg til reguleringsplan bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i etterkant av høyring og fastsetjing av planprogram.
Ein gjer merksam på at innkomne merknader til saka vert referert og vurdert gjennom saksutgreiinga ved vidare handsaming av planen.
Eventuelle merknader skal sendast til Stranda kommune, pb. 264, 6201 Stranda, innan 24.03.2010.
|