|
Kommunen inviterer gardbrukarar, og andre som er søkjegode etter ordninga, til å sende inn søknader.
Føremålet med tilskotsordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i landbruket sitt kulturlandskap og redusere ureining frå landbruket. Investeringstiltak som fremjar organisert beitebruk er overført frå SMIL tilbake til Fylkesmannen som eiga ordning frå 2010.
Minnar om at det er eit krav i høve forskrifta at føretak som mottek produksjonstilskot i jordbruket skal leggje ved miljøplan 2, viss kommunen ikkje har motteke den tidlegare. Fylkesmannen melde i forvaltningskontrollen for 2009 at dei vil handheve dette strengare.
For meir opplysningar om SMIL-ordninga (søknadsskjema med meir) sjå kommunen sine heimesider under Næring og landbruk (link under), eller ta kontakt med kommunen på 70 26 80 00.
|