Framsida     Postliste   |   Oppvekst   |   Ledige stillingar   |   Politikk/møte   |   Skjema   |   Organisasjon   |   Søk   |   Ny i Norge   |   Stranda   |   Web-TV   |
Tilskott til bratt areal gjeninnført
InfoPublisert 12.07.2010
Tilskottet til bratt areal vart i 2008-2009 erstatta av ei ordning med ein arealkvote i RMP pr. kommune som administrasjonen fekk i oppdrag å fordele etter bestemte kriterium. No er, som tidlegare annonsert på heimesidene, tilskottet innført på nytt.

Les meir | Arkiv
Opningstider Kjølen Gjenvinningsstasjon
InfoPublisert 09.07.2010
Kjølen Gjenvinningsstasjon vil ha følgjande opningstid i vekene 28, 29, 30, 31.

Måndag, tysdag, onsdag, torsdag: 10:00 - 16:00
Fredag: Stengt
Kretsløp kartong
Utbyggingsavtalar i Hevsdalen
InfoPublisert 06.07.2010
Kommunestyret godkjende i møte 24.06.10 bruk av utbyggingsavtalar innanfor kommunedelplan Hevsdalen.
Les meir | Arkiv
strandafjellet_regomraade.jpg
Ny plan- og bygningslov frå 1.juli 2010
InfoPublisert 06.07.2010
Frå 1. juli gjeld ny plan- og bygningslov, ny forskrift om byggesak og ny byggteknisk forskrift. Meir informasjon om dei nye byggjereglane på regjeringa si heimeside.
Les meir | Arkiv
Forskrift
Reguleringsplan for hyttefelt H73 i Hevsdalen
InfoPublisert 05.07.2010
Reguleringsplan for felt H73 vart godkjent i kommunestyret den 24.06.10, sak KOM 044/10.
Les meir | Arkiv
Hyttefelt Hevsdalen
Ikkje torgplassar i Geiranger i 2010
InfoPublisert 02.07.2010
Geiranger har eige torgreglement. Stranda kommune har tidlegare administrert torgplassane her på eit område avsett til føremålet.
Les meir | Arkiv
Stranda fekk avslag på søknaden om midlar frå Inn på tunet-løftet
InfoPublisert 01.07.2010
37 kommunar er tildelt midlar over Inn på tunet-løftet i første søknadsrunde, men altså ikkje Stranda i denne omgang. Det vert høve til å søkje på nytt.

Les meir | Arkiv
ipt-loeftet.jpg
Spørjeundersøking om tilbodet i Stranda sentrum – med premiar
InfoPublisert 28.06.2010
I desse dagar går det ut ei spørjeundersøking (ca. 1 500 skjema) i regi av Sentrumsgruppa.
Les meir | Arkiv
Skjema
Renovasjon - søppelsekk
InfoPublisert 23.06.2010
Stranda kommune har den siste veka motteke nokre henvendingar knytt til sekkerenovasjon . Vi viser til tidlegare informasjon i avfallskalenderen 2009, om at det frå 01.01.2009 ikkje var høve til å nytte dei gamle søppelsekkane - svart sekk med kvit skrift.
Les meir | Arkiv
Renovasjonssekk
Liabygda fekk avslag på søknaden om støtte til Bulyst-satsinga
InfoPublisert 23.06.2010
Midlane (32 millionar kroner for landet under eitt) vart lyste ut våren 2010. Som tidlegare opplyst på nettsidene våre, søkte Liabygda om støtte på midlane til eit prosjekt dei kalla ”Der alle skulle tru at nokon ville bu”.
Les meir | Arkiv
Liabygda skule
Melding om feltarbeid
InfoPublisert 23.06.2010
Norsk institutt for skog og landskap vil i løpet av juli – september utføre undersøkingar av seterlandskap på tilfeldig utvalde flater à 5 x 5 km. Nokre av flatene vil vere innafor Stranda kommune.

Instituttet opplyser at dei grunna tidspress ikkje kan ta seg tid til å varsle grunneigarar. Difor legg kommunen ut denne informasjonen kollektivt.
Les meir | Arkiv
Skog og landskap
Redusert ferjekapasitet på sambandet Eidsdal-Linge
InfoPublisert 23.06.2010
På grunn av problem med ferjedrifta i to samband på Nordmøre må ferja Solskjell i sambandet Eidsdal – Linge takast ut, dvs. at det er kun 1 ferje som trafikkerar strekninga.
Statens Vegvesen kan ikkje seie noko om kor lenge dette vil vare.
Ta kontakt med Statens Vegvesen om du har spørsmål.
Elektroniske skjema
Tenester på nett Elektroniske søknader
Kontaktinformasjon
Stranda kommune
Rådhuset / Øynasenteret
Postboks 264
6201  Stranda
 
post@stranda.kommune.no
 
 
Telefon : 70 26 80 00
Faks : 70 26 80 01
Org.nr. : 964 980 098
Kontonr : 4030 05 04606
Kommunenr : 1525
_
Opningstid :   Servicekontoret:
  09.00 - 15.00
Turistinfo
Turistinformasjon NorgeEnglandTysklandSpania
World Heritage Site
Kulturkalender
Kartteneste på nett
Véret dei neste dagane
Avfallskalender
Byggsøk
Snarvegar
 
  Utskriftsvenleg versjon spacer skille Søk spacer skille Tips ein venn spacer skille Kontakt spacer skille
 
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør: Ann Kristin Langeland      Nettredaktør: Synnøve Lindset      Teknisk ansvarleg: Eldar Gjærde