|
Generell informasjon om omsorgssenter
Omsorgsboligen er tilpassa orienterings- og rørslehemma og tilrettelagt slik at bebuarane skal få heildøgns pleie og omsorg. Bebuarane får tildelt heimetenester etter behov på same måte som andre heimebuande.
Heimesjukepleie
Ved behov kan ein ved akutt eller kronisk sjukdom og/eller funksjonshemming få tilbod om sjukepleie i eigen heim. Vi gir hjelp ved kort eller langvarig sjukdom og arbeider førebyggande for å redusere pleiebehov.
Heimehjelp
Heimehjelptenesta skal sikre brukaren praktisk bistand og medvirke til at:
- brukaren greier mest mogleg sjølv
- brukaren blir minst mogleg avhengig av hjelp frå andre
- forverring blir forebygd
Omsorgsløn
Økonomisk hjelp til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, td. ektefelle, foreldre eller andre nære omsorgspersonar. Ordninga er ei yting innanfor den summen kommunen sett av på budsjettet til slikt føremål.
Brukarstyrt personleg assistent (BPA)
BPA er ei alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse for funksjonshemma. Ramma er den tenesta som vert innvilga, td. heimehjelp, støttekontakt og liknande. Den funksjonshemma eller pårørande kan då i prinsippet "vere arbeidsgjevar" og styre kven ein vil ha til assistent, kva assistenten skal gjere og til kva tid assistansen skal gjevast. Søknad skal sendast til kommunen, med fylkesmannen som klageinstans.
Rett til individuell plan
Den som har behov for langvarige og koordinerte tenester på tvers av tenesteeinga i kommunen, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Planen skal utformast i samarbeid med brukaren.
Meir opplysningar kan du få ved å vende deg til servicekontoret i kommunen eller direkte til det aktuelle omsorgssenteret. Sjå elles eiga brosjyre som ein kan få ved å vende seg til servicekontoret i kommunen.
|