Stranda kommune omfattar tettstadene:
- Geiranger (250 innb.)
- Hellesylt i bygda Sunnylven (680 innb.)
- Liabygda ( 260 innb.)
- Stranda med 3500 innb. (kommunesenteret).
Kvar bygd har barnehage, skule og omsorgsbustader. I kommunesenteret Stranda ligg sjukeheim og 2 vidaregåande skular.
KOMMUNIKASJON- gode buss-samband med Ålesund, Bergen, Oslo og Trondheim
- fly, Ålesund lufthamn Vigra
- tog, Åndalsnes
Stranda er ein attraksjon i seg sjølv. Unik natur med snødekte fjelltoppar, skummande fossar og elvar, grøderike dalar og krystallblå fjordar. Få andre stader kan du, sommar som vinter, frå ein fjelltopp nyte synet av den djupe fjorden langt der nede. Til dømes i Alperittet kvart år i slutten av februar der over 200 deltakarar susar ned den 6200 meter lange løypa – frå tind til fjord.
Stranda ligg mitt i hjartet av turismen på vestlandet. I løpet av 1-1½ time med bil kan du med utgangspunkt i Stranda sentrum besøkje desse attraksjonane:
- Ålesund (Jugendby, akvarium)
- Runde (Fuglefjell)
- The Golden Route (Geiranger-Ørnevegen-Trollstigen-Åndalsnes)
- Romsdalen (fjellklatring)
- Molde (Jazzfestival, Bjørnsonfestival)
- Strynefjellet (sommarskisenter, brevandring på armar av Jostedalsbreen)
REISELIV har lange og sterke tradisjonar i kommunen.
Geiranger vart tidleg kjende reisemål. Alt i 1869 kom det første skipet med utenlandske turistar til Geiranger. I dag er Geiranger nest største cruise-hamna i Noreg med 160 cruiseskip-anløp kvart år. Det blir også sagt at av alle cruise-skipa i verda gjestar kvart fjerde skip Geiranger. I tillegg dagleg besøk av hurtigruta. I alt gjestar om lag 700.000 turistar kvar sommar Geiranger.
Fossar, fjord, fjell og fråflytte fjellgardar som klorer seg fast i bratthenga, har gitt Geirangerfjorden tittelen ”Verdens vakraste fjord”. Ikkje rart at den står på
UNESCOs verdsarvliste. Kongelege personar, særleg dronning Sonja, har profilert fjorden. Ved årlege besøk, overnatting på aude fjellgardar, publisering av eiga bok med eigne fotos og utstilling av same i m.a. New York.
Heilt spesielt er det friviljuge arbeidet til den ideelle organisasjonen Storfjordens Venner, som i ei årrekkje, m.a. ved hjelp av midlar frå Riksantikvaren, har restaurert fleire av dei fråflytte fjellgardane. Sjå meir om Storfjordens Venner under.
NÆRINGSLIV
Stranda kommune har eit svært variert næringsliv med eit stort spekter av arbeidsplassar. 160 gardsbruk driv med moderne kjøt- og mjølkeproduksjon. Kjøtvare- og spekematproduksjon, møbel- og tekstilbransjen har mange bedrifter med lang tradisjon. Noreg sin største pizzaprodusent har anlegga sine på Stranda. Det ligg fleire fiskeoppdrettsanlegg på fjorden, og kommunen har bedrifter som driv med foredling av fisk. Det er også fleire mekaniske bedrifter i Stranda.
KULTUR
Stranda kommune er kjend som ein god kommune å vekse opp i. Dei 4 trivelege bygdelaga har stor aktivitet både i arbeidsliv og i fritid. Idrettslag, skyttarlag, song- og musikkgrupper, humanitære og kristne organisasjonar driv eit godt og variert arbeid for born og vaksne. I kommunen er det idrettshall, alpinanlegg, langrennsløyper, fotballbanar, innandørs symjebasseng, tennis- og golfanlegg. Eit regionalt kulturhus i Stranda sentrum vart tatt i bruk i 1999. Hægstad gård (tresnitt-scener frå Peer Gynt) på Hellesylt og Norsk fjordsenter i Geiranger viser interessant kulturhistorie og vakker natur.
For fleire detaljar kan du besøke Kultur og fritid.
SPORT OG FRITID
Stranda byr på eit fantastisk turterreng, sommar som vinter. Merka stiar/løyper og organiserte turar med ulike opplegg (Stranda Turlag, Stranda IL Trim, Sinclus Park, Hellesylt og Geiranger Næringslag), sjå meir under.
Alpinanlegget på Strandafjellet er i drift frå november-april, 5 heiser og alpinløyper av høg standard. Særleg offpiste-køyrarar elskar Strandafjellet med jomfrueleg puddersnø-forhold. Store alpinarrangement kvart år. Konkrete planar om djupvasskai-anlegg (Stranda og Hellesylt) ligg føre.
Opplevingar på Strandafjellet langt utover det vanlege ventar deg, blir det sagt. Som eit paradis seier andre. Servicebygg er under planlegging og vil betre infrastrukturen. Det er nylig lagt ut nye hyttefelt med plass til 200-300 hytter og hytteutbygginga skjer i rekordfart.
Stranda har elles gode overnattingstilbod knytt til hotell, utleigehytter og campingplassar både i Geiranger, Hellesylt og på Stranda.
For meir info sjå lenker under.
ANDRE FRITIDSTILBOD:
jakt samt fiske i fjord (utleigebåt) eller elvar (2 lakseelvar i Hellesylt og Stranda)
canyoning (juvklatring), Hellsylt
golf, Strandadalen
kajakkutleige, Geiranger
Du er velkomen til Stranda!
For fleire detaljar og meir informasjon kan du besøke: