Framsida     Postliste   |   Oppvekst   |   Ledige stillingar   |   Politikk/møte   |   Skjema   |   Organisasjon   |   Søk   |   Ny i Norge   |   Stranda   |   Web-TV   |
Nye Stranda sentrum - nye mulegheiter
stranda_sentrum_torgplassen.jpg
Prosjektet Nye Stranda sentrum er etablert med det føremål å følgje opp det som no er gjort gjennom den fysiske oppgraderinga/fornyinga av sentrum med tiltak som skaper aktivitet og innhald rundt sentrumsfunksjonane. Møre og Romsdal fylke v/tettstadkoordinator Arne-Dag Gjærde som kommunen har hatt tett samarbeid med om den fysiske tilrettlegginga av sentrum, vert med vidare i prosessen.
Møbelbauta
Møbelbauta
Ei gruppe tok initiativ til å starte denne prosessen og har i løpet av hausten halde fleire møte der ein har diskutert ulike problemstillingar og utfordingar (nedlegging av viktige forretningar, aktivitetstilbodet m.m.). Gruppa avslutta med å kalle inn til eit folkemøte på Stranda vgs. der hovudprogrammet var ei såkalla SWOT-analyse (les meir nedanfor). Dei forslaga som kom fram der er det viktigaste grunnlaget for vidare arbeid. Det er no oppnemnt ei meir permanent arbeidsgruppa som skal vidareføre arbeidet. Initiativgruppa har laga eit mandat (sjå Prosjektdirektiv) som skal vere retningsgjevande for dette arbeidet.

På denne sida vil du heretter finne mykje stoff om det arbeidet som er gjort til no, og relevant informasjon frå det vidare arbeidet vil bli lagt ut etter kvart.

Vi har planar om å gjere denne nettsida ”interaktiv” via ein ”blogg-funksjon”, slik at folk får høve til å kome fram med synspunkt, idear osb. som kan kome arbeidet til nytte. Men det er ein del tekniske ting rundt dette som må avklarast før dette kan skje.

Oppfordringa til alle som er opptekne av å skape eit betre sentrum er å følgje med på det stoffet som vert lagt ut og kome med innspel til arbeidsgruppa.

Elles er sjølvsagt alle førespurnader til gruppa velkomne - også gjennom andre kanalar (telefon, e-post osb.). Namn, telefon og e-post til dei som er med i gruppa er lagt ut på denne sida. Vi manglar førebels to namn, men desse vil vere på plass før nyttår.
Publisert av Inge Bjørdal. Sist endra 30.11.2009
Elektroniske skjema
Tenester på nett Elektroniske søknader
Kontaktinformasjon
Stranda kommune
Rådhuset / Øynasenteret
Postboks 264
6201  Stranda
 
post@stranda.kommune.no
 
 
Telefon : 70 26 80 00
Faks : 70 26 80 01
Org.nr. : 964 980 098
Kontonr : 4030 05 04606
Kommunenr : 1525
_
Opningstid :   Servicekontoret:
  09.00 - 15.00
Turistinfo
Turistinformasjon NorgeEnglandTysklandSpania
Snarvegar
 
  Utskriftsvenleg versjon spacer skille Søk spacer skille Tips ein venn spacer skille Kontakt spacer skille
 
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør: Ann Kristin Langeland      Nettredaktør: Synnøve Lindset      Teknisk ansvarleg: Eldar Gjærde