Dei mest sentrale arbeidsoppgåvene ligg innafor følgjande område:
- Overordna ansvaret for planlegging og drift av kommunen
- Samordne drifta av tenesteeiningane
- Oppfølging og gjennomføring av politiske vedtak
- Oppfølging av tenesteeiningane og staben
- Informasjonsverksemd overfor innbyggjarane
- Vere bindeleddet mellom politikk og administrasjon
- Rådmannen (leiinga) er også sekretariat for dei politiske utvala, samt at leiinga har fordelt oppfølgingsansvaret overfor tenesteeiningane mellom seg.
Den formelle kommuneleiinga i Stranda er samansett av rådmann, ass.rådmann, kommunalsjef plan- og utvikling og kommunalsjef oppvekst. I tillegg har vi ei utvida kommuneleiing der personalsjef, økonomisjef. Vi har faste planleggingsmøte kvar måndag.
Kommuneleiinga har faste møte med den politiske leiinga (ordførar og varaordførar) kvar veke for å informere kvarande og for å drøfte ulike problemstillinger.
Både den politiske og administrative leiinga har kontor i Rådhuset. Ordførar i 1.etasje og kommuneleiinga i 2.etasje.