Vi på servicekontoret har som mål å yte best mogleg service til publikum.
Servicekontoret skal vere kommunen sin ”vegvisar” der publikum vert sikra rask sakshandsaming og kontakt med rette person/sakshandsamar. Servicekontoret skal vere avlastning for alle tenesteområda og leggje opp til at publikum skal få utført mest mogleg av sine oppgåver her.
Servicekontoret har oversikt over kva som fins av informasjonsmateriell, brosjyre og skjema, og vi hjelper deg med å skaffe det du treng.
Du kan nå oss på telefon 70 26 80 00,
post@stranda.kommune.no eller du kan stikke innom oss i 1. etasje i Øynasenteret, inngang A. Kontoret er lett tilgjengeleg, også for rullestolbrukarar.
Dei mest sentrale arbeidsoppgåvene ligg innafor følgjande område:- Informasjonsteneste i sentralbord og skranke
- Postbehandling, inn- og utgåande
- Politisk sekreteriat
- Sekretærfunksjon for kommuneleiing og stab