|
Legeteneste
Vi er 5 kommunelegar og 1 turnuskandidat. Ein av legene har bustad i Hellesylt og har sitt hovedkontor der. Elles har alle legane kontor i Øynasenteret i Stranda sentrum. Senteret har også lokaler for helsestasjon, jordmor.
Jordmorteneste
Jordmor arbeider i nært samarbeid med legane. Hun tek stort sett alle svangerskapskontrollar, 3 kontrollar skal takast hos lege. Det er satt opp nærmare plan for dette. Jordmor utøver ei utstrakt vaktteneste, og følgjer dei fødande til fødeavdeling. I hennar fråvær følgjer vakthavande lege dei fødande.
Helsesøsterteneste
Vi har helsesøstre i 2 stillingar, og ei 40% innan psykiatri. Tenesta omfattar helseforebyggande arbeid i helsestasjonen og i skulehelsetenesta.
Fysioterapi
Fysioterapi er godt utbygd med 3 avtalehjemlar for privat drift.
Det er no tilsett ein kommunal fysioterapeut, med oppstart august 2006. Tenesta vert lokalisert på Stranda omsorgssenter.
Rett til individuell plan
Den som har behov for langvarige og koordinerte tenester på tvers av tenesteeinga i kommunen, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Planen skal utformast i samarbeid med brukaren.
Meir opplysningar kan du få frå din "tenesteytande eining" i kommunen.
Sjå elles eiga brosjyre
Miljøretta helsevern
Godkjenning av skular og barnhagar etter gjeldane forskrift.
Beredskap
Det er utarbeidd beredskapsplan for ulykker og katastrofar og for smittevern.
Helseberedskapen i kommunen er relativt god.
Næringsmiddelkontroll
Det er etablert interkommunal næringsmiddelkontroll for indre Sunnmøre. Dei er lokalisert i nybygg ved Stranda vgs.
Bedriftshelseteneste
Det er oppretta bedriftshelseteneste i kommunen. Dei fleste bedrifter er tilknytta ordninga som drivast av Sunnmøre Bedriftshelsetjeneste i Ålesund.
Helsetenesta er godt utbygd i Stranda, og vi har alle mulegheiter til å kunne gje befolkninga hjelpa og servicen som er nødvendig.
|