Framsida     Aktuelt / nyhende   |   Beredskap   |   Kontakt   |   Fakta   |   Dokument og rapportar   |   Om oss   |   Linkar   |
Grøn beredskap
Det er i dag grøn beredskap for Åkneset. Det vil seie at der er ein normalsituasjon med ei observert rørsle under 0,5 mm per døgn for lasersensorane i øvre flanke, og under 0,25 mm pr døgn for strekkstag og andre sensorar i resten av det ustabile området.

Beredskapsnivå
Beredskapsnivå
Fastsetjing av beredskapsnivå tek utgangspunkt i observert rørslemønster i fjellet og geofaglege analysar. Dei geologiske vurderingskriteria er baserte på observerte variasjonar og prognosar.

Grøn beredskap
Grøn beredskap definerer normalsituasjon for alle involverte aktørar, og situasjonen blir handtert ved Beredskapssenteret. Beredskapsnivået føreset at det ikkje er observert noko auka rørsle i Åkneset eller Hegguraksla ut over det normale.

Beredskapssenteret vil under grøn beredskap gå gjennom alle data ein gang i døgnet. All informasjon til publikum vil i ein normalsituasjon bli gitt gjennom informasjonsmøte og på heimesidene til beredskapssenteret og kommunen.

Blå beredskap
Dersom det blir observert auka rørsle i fjellet i forhold til det normale, vil beredskapssenteret heve beredskapen til blå. Geofagleg ekspertgruppe bli informert, og alle data vil bli gjennomgått 3 gongar i døgnet.

Vanlegvis vil blå beredskap bli oppretta under mindre akselerasjonar som t.d. sesongvariasjonar under snøsmelting og ved store nedbørmengder. Blå beredskap vår og haust blir sett på som ein normalsituasjon og det vil ikkje bli sett i verk ekstern varsling.

Gul beredskap
Dersom fleire sensorar viser ein auke over bestemte verdiar, vil Beredskapssenteret heve bereskapsnivået til gul. Det skal då gjerast geofaglege analysar som i løpet av kort tid skal konkludere med om gul beredskap skal oppretthaldast.

Dette er ein situasjon som vil kome fleire månader før eit fjellskred vil gå.

Ved gul beredskap vil det bli oppretta døgnvakt ved Beredskapssenteret, og fylkesmann, politi og kommunale kriseleiingar blir informert. Informasjon vil gå ut til alle i faresona.

Oransje beredskap
Dersom fleire sensorar viser auka rørsle over bestemte verdiar og geologiske analysar gir grunnlag for det, vil beredskapen bli heva til oransje.

Alle beredskapsaktørane vil vere operative. Politiet og Fylkesmannen vil saman med geofagleg ekspertgruppe kontinuerleg vurdere faren for ras og evakuering kan bli sett i gang på kort varsel.

Informasjon vil bli gjeve gjennom media, høgtalarar, automatisk telefonoppringing og kommunale heimesider. Skular, barnehagar, institusjonar og overnattingsstadar vil bli flytta til trygg stad.

Raud beredskap
Dersom situasjonen utviklar seg kritisk, og ein vurderer situasjonen slik at eit fjellskred er på gang og kan kome om kort tid vil beredskapen bli heva til raud.

Politiet vil då ta avgjerd om full evakuering av faresona.

Meldinga om dette kan bli gitt gjennom automatisk telefonoppringing, SMS, media, høgtalarar og / eller tyfonar.

Kontaktinformasjon
Åknes / Tafjord Beredskap IKS
Ødegårdsveien 176
PB 264
6201  Stranda
 
kjjo@stranda.kommune.no
 
 
Telefon : 46 41 11 45
Mobil : 91 84 63 30
Org.nr. : NO 893 276 882
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Kjell Jogerud      Web-redaktør Jarle Hole      Teknisk ansvarleg