Servicevarsling frå Stranda kommune

UMS varsel.jpg

 

 

Du kan no få varslingar frå kommunen via telefonen.

Stranda kommune nyttar UMS-varsling for å kunne sende SMS eller talemelding til innbyggjarane.

Dette gjeld varsling om feiing og tilsyn, brot på vassleidning, stenging av vegar eller andre drift- og vedlikehaldshendingar.

Ved SMS-varsel vil avsendar på varselet  vere "KOMMUNEN". For varsel med talemelding vert telefonen oppringd og du følgjer deretter rettleiinga som blir gitt.

Har du firmatelefon, registrert deg mot telefonselgarar eller har hemmeleg telefonnummer, kan det vere at du ikkje mottek varsel.
Sjekk om du er registrert for denne tenesta!  Du kan gå inn på www.servicevarsling.no velg «sjekk din oppføring».
Du må ha mobiltelefon for å motta pin-kode for å oppdatere din informasjon.