SMIL-tilskot 2018

Organisert beitebruk.jpg

SMIL  - tilskot til Spesielle Miljøtiltak I Jordbruket og organisert beitebruk
- Søknadsfrist måndag 26. mars 

Føremålet med tilskotsordninga SMIL er å fremje natur- og kulturminneverdiane kultur-landskapet og å redusere ureining frå landbruket. Kommunen inviterer gardbrukarar og andre som er søkjegode etter ordninga, til å søkje.

For meir opplysningar om SMIL-ordninga (søknadsskjema med meir)  eller ta kontakt med næringssjefen på tlf. 464 11 023.

NB!
Også eigarar av landbrukseigedom som leiger bort areala kan søkje via leigetakar, dersom jordbruksarealet på eigedommen vert drive av eit føretak som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskott.

Det er laga nye retningsliner som gjeld for perioden 2018-2021. (PDF, 302 kB)

Søknadar om tilskot til organisert beitebruk blir handsama av Fylkesmannen som ei eiga ordning. Ein nyttar same skjema som for SMIL.