1. desember er det røykvarslarens dag

Røykvarslerens-dag.jpgHusk og bytte batteri som har god kvalitet og  test røykvarslaren.
Husk å gje alle du er glad i ei påminning om å gjere det samme.
Tidleg varsel er eit av dei viktigaste kriteria for å unngå personskadar ved brann.

 Viktig:

- Monter røykvarslaren i taket.
- Det er krav til ein røykvarslar i kvar etasje. Når ein har fleire røykvarslarar bør desse koblast saman.
- Sjekk at du kan høyre røykvarslaren når du er på soverommet, dei fleste dødsbrannar skjer om natta.
- Test funksjonen kvart kvartal ved å trykke inn knappen på røykvarslaren.

Aksjon bustadbrann
Den 2.-4. desember besøker det lokale feiarvesenet, med tilbod om gratis sjekk av bustaden. Det dreier seg ikkje om eit tilsyn i vanleg forstand, men om ein enkel kontroll med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken frivillig og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på.

Kvart husbesøk tek cirka 30 minutt med kontroll av følgjande forhold:

- Varslingsutstyr

- Sløkkjeutstyr

- Elektriske apparat og anlegg

- Eldstader og skorstein

- Rømmingstilhøve

 

Sjå også lenke:

www.dsb.no

www.brannvernforeningen.no

www.elsikkerhetsportalen.no

Kontakt

Lillian Aasheim
Feiarformann
46411043
Malin Pålsson
Feiar
46411036