Aksjon boligbrann

aksjon boligbrann.jpg - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 04.12.2017

I perioden 5.-7. desember får opp mot 40 000 husstander over heile landet besøk av brann- og feiervesen med tilbud om ein enkel kontroll av branntryggleiken i bustaden.

Under kontrollene sjekker ein varsling, sløkkeutstyr, elektriske apparat og anlegg, eldstad og rømningsforhold. Kontrollørane sjekker også alle røykvarslane i bustaden og dei skifter røykvarslarbatteri ved behov.

- Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken med vekt på veiledning og informasjon.
For beboarane er sjekken frivillig.

Aksjon boligbrann og Røykvarslerdagen er eit samarbeid mellom DSB, Norsk brannvernforening, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsyn og brann- og feiervesenet.
Lokalt er det Stranda brannvern som står for gjennomføringen av kampanjen.