Arbeidet med Strategisk næringsplan (SNP) i gang

 SNP - Klikk for stort bilete

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 08.02.2019

Planprogrammet for SNP har no fått politisk godkjenning. Dette betyr at arbeidet med sjølve planen kan starte. 

Oppstartmøtet (kick-off’en) vart arrangert på Kulturhuset onsdag 21.11.2018. Innlegga på denne samlinga er lagde ut her

Det er halde eitt møte med (deler av) arbeidsgruppa, men her manglar vi enno viktige aktørar.

Kommunen har etablert ei nettside der eg kjem til å legge ut relevant informasjon om aktiviteten i prosjektet. Du finn den her: https://www.stranda.kommune.no/tenester/naring-og-skatt/anna-naringsliv/strategisk-naringsplan/

Kommunen og arbeidsgruppa er svært interesserte i å få innspel til arbeidet.  Det kan gjerast til prosjektleiar som er underteikna eller til medlemmer av arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa er ikkje komplett enno, men så snart den er klar vil namna på deltakarane bli lagde ut.

Kontaktperson:

Inge Bjørdal
E-post: inge.bjordal@stranda.kommune.no
Mobil: 464 11 023