Årets Stikk UT!-turar er klare!

 stikk ut.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 23.04.2018

1. mai startar årets Stikk UT!-sesong.
Her er liste over alle turane som er med i vår kommune. (PDF, 176 kB)
Det trykte Stikk UT!-kartet blir sendt til alle husstandane i løpet av veke 17. Om du treng fleire kan du hente det gratis på servicekontoret i kommunen.

Nytt i år er at alle turane i fylket blir presenterte i same kartet og på den same nettsida. Det betyr at små og store turglade kan velje og vrake i 381 turar i 30 av kommunane i fylket.

Her finn du meir informasjon om Stikk UT!

 

Legg merke til at mange av turane ikkje kan opnast den 1. mai p.g.a. mykje snø i fjellet i år. Sjekk turforklaringa om opningsdato før du legg ut på tur.