Borgarleg vigsel i Stranda kommune

Skinkerådhuset.jpgFrå 1. januar 2018 kan du gifte deg borgarleg i kommunen. 

Slik går du fram om du vil gifte deg borgarleg:

For å inngå ekteskap i Noreg, må Staten først gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette vert utført av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. 

Om vilkåra for å inngå ekteskap er innfridd, vil folkeregisteret utstede ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månadar. Alle spørsmål knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor.
Sjå Skatteetaten  Veien til ekteskapet - steg for steg

De kan ta kontakt med kommunen for å avtale tid og stad via elektronisk søknadsskjema. Husk prøvingsattest som må vere godkjent før de kan vigslast, kommunen må ha den i hende seinast tre veker før ønska bryllaupsdato.

Alle som ønskjer det kan gifte seg borgarleg i Stranda kommune.

Det er to funksjonar i kommunen som har vigselsmynde: ordførar og varaordførar.

  • Kommunen tilbyr Skinkerådhuset til ritualet
  • Dersom du har ønskje om anna lokale enn det kommunen tilbyr, (musikk, diktlesing e.l.) må du ordne og betale dette sjølv
  • Dersom du har andre ønskje om vigsel andre stadar krev kommunen betaling for tenesta.

Betalingssatsar borgarleg vigsel

Betalingssatsar borgarleg vigsel
Betalingssatsar . .
Skinkerådhuset i kontortida kr. 0,-
Skinkerådhuset utanom kontortid kr. 1 500,-
Utanfor vigselrom i kontortida kr. 2 000,-
Utanfor vigselrom utanfor kontortid kr. 4 000,-

Etter vigselen

Brudeparet vil få tilsendt midlertidig vigselattest. Kommunen sender denne også til folkeregisteret som utstedar endeleg vigselattest.
Alle vigselsattestane vert sendt digitalt til brudeparet på Altinn.
Dersom du som nygift likevel ønskjer å få utstedt ein vigselsattest på papir, vil det fortsatt være mogleg å bestille ein vigselsattest frå Skatteetaten sine nettsider.
Personar som ikkje er busett i Noreg, eller som ikkje er digital bruker, vil få vigselsattesten tilsendt i posten.

Om du skal endre namn som resultat av vigselen, må du ordne dette sjølv. Søknad finn de på Skatteetaten sine nettsider.

Prosedyre for borgarleg vigsel i Stranda kommune (PDF, 105 kB)