Detaljregulering for Dønheimgrenda - Offentleg ettersyn

 Dønheimgrenda - Klikk for stort bilete

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 08.11.2017

I medhald av plan- og bygningslova § 12-11 har det faste utvalet for plansaker i møte 2.11.17, sak

PLA 078/17, gjort vedtak om offentleg ettersyn av detaljregulering for Dønheimgrenda. Føremålet med planen er tilrettelegging for fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur.

Planen er utarbeid av Grinaker Utvikling, og har som mål å legge til rette for vidare utbygging av fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur.

Ein gjer merksam på at merknader vert referert og vurdert gjennom saksutgreiinga ved vidare handsaming av planen.

Eventuelle merknader skal sendas til  post@stranda.kommune.no eller Stranda kommune, pb.264, 6201 Stranda, innan 21.12.2017.