Ekstra investeringstilskot til landbruket i 2017

Lasting - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 06.07.2017

Med bakgrunn i den store pågangen etter investeringsverkemidlar i landbruket, er det i samband med jordbruksoppgjeret 2017 sett av 33 millionar kroner ekstra i investerings- og bedriftsutviklingsmidlar.

Landbruks- og matdepartementet har sendt brev til Innovasjon Norge om endringane som følgje av årets jordbruksoppgjer og fordelt ekstramidlane på alle fylka. Maksimal prosentsats for investering i produksjonsanlegg er heva frå 33 til 35 prosent av kostnadsoverslaget for investeringa. Det blir sett ei øvre grense for tilskot på 2 millionar kroner per prosjekt, med unntak for prosjekt i Troms og Finnmark. Forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket er endra i tråd med dette, og endringane er gjeldande frå 1. juli.

For 2018 er det avsett ei ramme på 634,5 millionar kroner, ein auke på 60 millionar kroner i forhold til fjorårets jordbruksavtale.