Endelege satsar for 2017 fastlagde for regionale miljøtilskot

kyr.jpg

 

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fastlagt endelege satsar for utbetaling av regionale miljøtilskot etter søknader frå 2017. Utbetaling er planlagt til 14. mars 2018.

Endelege satsar for regionale miljøtilskot vert fastlagde etter at kommunane i fylket har behandla ferdig alle søknader om miljøtiltak og drift av beitelag (sankelag). Satsane vert tilpassa etter budsjettramma og omfanget av alle godkjende søknader. Ein liten rest er avsett til behandling av eventuelle klager.

Ramma fylket har fått til utbetaling i 2017 er på 17.600.000 kroner. Berekna utbetaling til godkjende søknader er 17.474.668 kroner. Satsane er like dei førebelse satsane for dei fleste miljøtiltaka. Det er berre satsane for tilskot til tidleg spreiing av husdyrgjødsel og bruk av tilførselsslangar som vart justerte opp denne gongen. 

Du finn detaljert oversikt over satsane les du her. (PDF, 582 kB)

Utsett utbetaling

NB! Landbruksdirektoratet måtte diverre utsette utbetalingsdatoen for regionale miljøtilskot til 14. mars, og beklagar eventuelle ulemper det fører til. Årsaka er hovudutbetalinga av produksjonstilskot.