Folkemøte i Liabygda 5. desember

Det vert halde folkemøte om framtida til Liabygda skule måndag 5. desember kl 19.30 på Ungdomshuset. Liabygdaskule.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Intraadministrator. Sist endra 02.12.2016

Det vert halde folkemøte om framtida til Liabygda skule måndag 5. desember kl 19.30 på Ungdomshuset.

Utgangspunkt for møtet er saka om skulestruktur i Stranda kommune som skal opp i kommunestyret våren 2017.

Vi drøfter desse alternativa på møtet:

Liabygda skule
            -     Vere som i dag med 1 – 7 skule i Liabygda
            -     Legge ned skulen:
                  *  Alle elevar frå 1 – 10 på Stranda
                  *  Samarbeid med Stordal  1 – 10
                  *  Samarbeid med Norddal 1- 10

Program for møtet:

  1. Innleiing ved Ordfører
  2. Bakgrunn for saka ved Kommunalsjef
  3. Gruppediskusjonar
  4. Plenumsdiskusjonar

 

Velkomen til møte!