Forbod mot å gjere opp eld i Stranda kommune

skogbrann - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 30.05.2018

På grunn av stor skogbrannfare fattar brannsjefen vedtak om forbod mot bruk av open eld og utstyr som kan danne gnistar og glør i Stranda kommune.

Forbodet gjeld alle stadar der det er fare for at det kan oppstå brann, særskilt i eller i nærleiken av skog, utmark, innmark og tørr vegetasjon.

Forbodet gjeld frå 30.5.2018 og inntil situasjonen forandrar seg.

Dette er i tillegg til gjeldande forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15 april til 15 september.

Vedtaket er fatta med heimel i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff mv. § 37, jf. forskrift om brannforebygging § 3.

Vedtak om forbod mot å gjere opp eld betyr at:

  • Det er ikkje lov å tenne bål og grill i strandsone eller i nærleiken av skog, mark og innmark
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål på tilrettelagte bålplassar
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eigen tomt.
  • Det er ikkje lov å bruke verkty o.l. som kan danne gnistar og glør i nærleiken av innmark.
  • Det er ikkje lov å bruke gravlykter.
  • Det er ikkje lov å bruke bålpanner med vedfyring.

Bruk av grill i eigen hage/eigedom er lov dersom det ikkje medfører brannfare.

Brannsjefen oppfordrar alle til å respektere totalforbodet mot bruk av open eld i denne perioden. 

Skadar som eventuelt skulle oppstå som følge av bruk av alle typar eld eller annan aktivitet som fører til brann kan medføre straffeansvar. 

Ved brann, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110.

 

COMPLETE FIRE BAN IN EFFECT
 

There is now a complete ban on outdoor fires. This also applies to all barbeque areas in forests, parks and shoreline.

The fire ban includes small and large bonfires, both disposable and fixed barbeques and the burning of yard waste.

If you experience an out of control fire, please call 110 immediately.
 

The ban applies to municipality of Stranda kommune from May 30th 2018 and until further notice

 

Inge Teigen
Brannsjef Stranda kommune