Forskott – avlingssvikterstatning

 

Publisert av Birgitte Langlo. Sist endra 10.08.2018

Avvlingssvikt.png - Klikk for stort bilete

Nye reglar lagt inn i søknadsskjema. Landbruksdirektoratet presiserer at det må ligge føre ein søknad i ELF om forskott for at dette skal kunne betalast ut, jf. Landbruksdirektoratet si heimeside om avlingssvikt

Direktoratet har no lagt til rette ELF (søknadsportalen i Altinn) slik at søkjaren skal oppgi forskottsprosent som det vert søkt om, og skrive grunngjeving for søknaden i feltet for «Skadeårsak». Det er berre høve til å utbetale forskott dersom feltet der ein oppgir ønska forskottsprosent er fylt ut med eit tal (mellom 0 og 70). Sjå vedlagt side 2 i søknaden.

Endeleg handsaming av søknaden

Når søknaden skal slutthandsamast, skal det ikkje sendast ny søknad. ELF vil bli lagt til rette for tilleggsopplysningar etter at forskott er utbetalt. Når forskott er betalt ut, og den førebelse handsaminga er avslutta, vil det bli mogleg for søkjar å sende ytterlegere opplysningar via ELF, og desse opplysningane vil bli mottekne som e-post i kommunen og fylket. E-posten vil bli merka med ELF og søknadsnummer. Sakshandsamar skal oppdatere søknaden med endelege tal og erstatninga reknast ut på nytt. Opphaveleg søknad skal oppdaterast med endelege tal og erstatninga reknast ut på nytt.

Kommunen sin kontroll

Kommunen si oppgåve - å måle opp fôrlager (ved innsett av dyra), gjeld framleis. Statsråden si lemping av kommunen sine kontrolloppgåver gjeld berre skadeårsak.

Rundballar og fôrverdiar

Regelen for når fôrverdien kan fråvikast er no forskriftsfesta i nyleg fastsett forskrift, jf. § 9 «Fôrverdiene i § 15 i denne forskriften kan fravikes dersom det fremlegges representative fôranalyser som viser at det aktuelle fôrmiddelet avviker mer enn 15 % fra fôrnormen ved normalt tørrstoffinnhold.»

Dette skal opne for å ta omsyn til tørrstoffinnhald.

Spørsmål og rettleiing

Du kan lese meir om korleis du søkjer erstatning for avlingssvikt i vedlagde rettleiar utarbeidd av Noregs Bondelag:

Erstatning ved avlingssvikt (PDF, 611 kB)

ELF søknadsside-forskot (DOCX, 30 kB)

Spørsmål kan elles rettast til:

Inge Bjørdal

- Næringssjef –

E: inge.bjordal@stranda.kommune.no

M: 464 11 023