Friluftsskule i sommarferien

Friluftsskule.JPG - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 19.04.2017

Sunnmøre Friluftsråd arrangerar i år friluftsskule for barn i alderen 11-13 år her på Stranda. Friluftsskulen blir arrangert i veke 27; måndag 3.juli tom fredag 7.juli. Pris vert truleg kr 500.- per barn. Endeleg program og påmelding vil komme etter kvart. Til no er grovplanen å ha ein dag i skogen, ein dag i nærleik av Stranda sentrum, og overnatting på Patchellhytta onsdag til fredag.

Litt historikk:
I 2014 gjennomførte friluftsrådet eit pilotprosjekt med friluftsskule som ulike dagtilbod i fleire medlemskommunar. Dette var ein kjempesuksess, der over 120 barn fekk prøve vikingleikar, kajakk, orientering, fiske mm.

NRK Møre og Romsdal laga denne TV-reportasjen då dei besøkte Friluftsskulen 2014 ein dag Vikingleikar stod på programmet: 

http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-moere-og-romsdal/DKMR99062614/26-06-2014#t=10m41s

Meir info om Friluftsskulen kan ein finne på Facebook; https://www.facebook.com/friluftsskule/