Frivillighetsprisen 2017

Frivilligsentralen.jpg - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 26.04.2017

Det er igjen klart for å tenkje på kandidatar til ”Frivillighetsprisen” 2017. Prisen vart oppretta i 2007 av styret i Stranda Frivilligsentral i samarbeid med frivillige lag/organisasjonar og Sparebanken Møre. Frå 2017 har styret i Frivilligsentralen og verv som jury. Styret er samansett av rep. frå alle bygdelag. Vi ber Dykk kome med forslag på kandidatar, sjå gjerne utanfor dykkar eigen organisasjon.

Vi ynskjer med dette å sette fokus på alle dei som er bærebjelken i samfunnet vårt, utan frivillig arbeid hadde samfunnet vårt stoppa opp.

Tidlegare vinnarar er : Helge Vongraven, Stranda, Lars Vassli, Liabygda, Ole Åsen, Hellesylt, Charles Myren, Stranda, Rune Maråk, Geiranger, Unni og Einar Lied, Liabygda, Jan Longva, Stranda, Elsa Hagebakk, Stranda og Marianne Fivelstad, Hellesylt, Åge Gjørvad, Hellesylt.

Med denne prisen vil ein heidre personar eller organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats innan det frivillige arbeide gjennom ei årrekkje i Stranda kommune. 

Det er mange i kommunen vår som bidreg med  stor frivillig innsats, hjelp juryen ved å sende inn forslag på dette års kandidat.

Framlegg av kandidatar til ”Frivillighetsprisen” kan fremjast av enkeltpersonar, lag/org og foreiningar.

Skriftleg framlegg med god grunngjeving må sendast innan 15.05.17
Forslag utan grunngjeving blir ikkje tatt med i juryarbeidet.

Forslag sendast til:

Stranda Frivilligsentral
v/Aud Tomasgard Berstad
Øyna 13
6200 Stranda

eller e-post : audber@stranda.kommune.no