Har du hugsa å registrere brønnen din?

 

Brønn.png

Har du hugsa å registrere brønnen din?

Dersom du delar brønn med ein eller fleire skal den registrerast

 

Alle vassforsyningssystem skal vere registrert hjå Mattilsynet. Dette gjeld både større vassforsyningssystem, og dei som er veldig små. Alle som produserar under 10 m3 drikkevatn i døgnet kan nytte eit forenkla registreringsskjema. Eksempel på vassforsyningssystem som kan nytte det forenkla skjemaet kan vere ein brønn som forsyner 15 hytter, eller ein brønn som forsyner to bustadar med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på mattilsynet.no.

 

Registrering kan utførast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema for registrering av små vassforsyningssystem. I skjemaet registrerar du vassforsyningssystemets plassering ved å markere staden i eit kart, og det er berre nokre få tilleggsspørsmål som skal svarast på.

 

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan me bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan vere viktig når kommunen legg planer for bruken av areala kring brønnen og brønnområdet. Det er for eksempel viktig at kommunen veit om det er eit vassforsyningssystem i nærleiken når dei gjev løyve til plassering av ein kloakk-kum. Oversikten gjer det mogleg for oss å vurdere omsynet til drikkevasskjeldene på eit tidlig tidspunkt. 

 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystemer skal vere registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til de minste vannforsyningssystemene gjev nyttig informasjon som er særskilt berekna for små vassforsyningssystem.

 

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.