Hogst av ungskog

Hogst av ungskog 1.jpgDet er gode prisar på tømmer i 2019, men hogst av ungskog er dårleg økonomi for skogeigarar og dårleg for miljøet med bakgrunn i tap av co2 binding.

Hogst av ungskog 2.jpg

Tømmerprisane har auka kraftig dei siste åra, og det gir god økonomisk realrenteavkasting for skogeigarar ved avverking av hogstmoden skog.

Difor er det viktig å minne på att skogalder og vegløysing likevel er noko av det viktigaste når ein vurderer realisasjon av tømmerskogen. Samarbeid mellom naboar løner seg og ein kan oppnå 60% statstilskott for skogbilveg.

Skogeigarane og samfunnet tapar på å avverke for tidleg. Enda større tap er det om ikkje ein plantar til areala etterpå for dei komande generasjonar. Det finst gode økonomiske verkemedel gjennom statsstøtte og skogfondsordninga med tilhøyrande skattefordelar. Bestill plantar i god tid.

Ta kontakt ved spørsmål. Skogbruksjef 46411024

Å plante til skogareala, samt å erstatte betong, stål og olje med treprodukt er viktig for å nå klimamåla - Det internasjonale klimapanelet

Skogen tek opp mest Co2 i vekstfasa samanlikna med gamalskog. Difor er det svært uheldig å hogge før skogen er hogstmoden - NIBIO

Noregs netto tilvekst i skogen tek opp halvparten av Noregs totale klimagassutslepp kvart år - Landbruks- og Matdepratementet

10 daa granskog i god vekst tek årleg opp Co2 tilsvarande bilas årsutslepp.

Her er tabell, vi anbefalar ikkje å avverke etter PEFC, men normalalder for best økonomisk utbytte. Sjekk alltid fakta grundig. Stemmer bonitet og alder? Er tala i skogbruksplanen rett?

Økonomisk hogstmodenheit.png