Høyring av forskrift om anløpsavgift for Stranda kommune sitt sjøområde for 2018

Hellesylt kai - Klikk for stort bilete STRANDA HAMNEVESEN KF
Formålet med foretaket, Stranda Hamnevesen KF, er å stå for planlegging, utbygging og drift av offentlige hamnefunksjonar i Stranda kommune, i tillegg til å utføre kommunal hamnemynde. Sjøområdet omfattar Stranda, Hellesylt og Geiranger.

 

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 05.12.2017

På vegne av Stranda kommune sender med dette Stranda hamnevesen KF på høyring utkast til forskrift om anløpsavgift for Stranda kommune sitt sjøområde for 2018.

I medhald av hamnelova § 25 andre ledd, gjev "forskrift av 20. desember 2010 om kommunenes beregning og innkreving av anløpsavgift" nærare reglar til gjennomføring av hamnelova § 25 fyrste ledd.

Utkast til forskrift får ein ved å henvende seg til Stranda Kommune/ Stranda hamnevesen KF.

Høyringsfristen vert sett til tysdag 16 januar 2018. Innspel til høyringa kan sendast til :

Stranda hamnevesen KF
Øyna 13
6200 Stranda

eller per e-post til post@stranda.kommune.no