Hugs søknadsfristen for Regionalt Miljøprogram 20. august!

blomster.jpg - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 07.08.2017

Regelverket for regionale miljøtilskot for Møre og Romsdal vert i 2017 slik det var i 2016. Landbruksdirektoratet har forlenga inneverande periode for miljøprogramma. Nytt program vil bli sett i verk først frå 2019.

Søknadsfrist for føretaka er 20. august 2017. Du kan starte med å levere søknaden frå og med 1. august 2017. Link til søknadsskjema finn du her:

https://www.fylkesmannen.no/nb/More-og-Romsdal/Landbruk-og-mat/Miljotiltak-i-jordbruket/Regionale-miljotilskot/RMP-2017/

Beitelaga sin søknadsfrist blir 1. november. Link til søknadsskjema vil bli lagt ut på heimesidene til fylkesmannen i god tid før søknadsfristen.