Husk ferdselsreglane på veg til badestranda

 

Publisert av Birgitte Langlo. Sist endra 02.08.2018

Norges lover.png - Klikk for stort bilete

Fleire plassar trakkar badegjestar og solhungrige rett over sårbar innmark i søket etter ei bra badestrand i sommarvarmen. Dette er det ikkje lov. Fylkesmannen i Møre og Romsdal og politiet minner om gjeldande ferdselsreglar.

Reglar for allemannsretten kan ikkje tolkast som fri ferdsel overalt i naturen. Utmark som skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjær kan brukast ganske fritt. På innmark er det fleire restriksjonar, og tilgangen er sterkt avgrensa. Med lite avling fleire stadar er det no viktig å la innmarka få stå så urørt som mogleg.

Alle kan ferdast til fots på privat veg og tydelig anlagt sti, som ligg i innmark på veg til stranda, men det er ikkje tilgang til innmarka mellom 30. april og 14. oktober. Avgrensingane og restriksjonane for innmark gjeld for all dyrka jord som eng og åker, men også kulturbeite og skogplantefelt fram til plantene er 6 -8 meter høge. Innmark omfattar også fleire andre typar areal,  noko som inneber at du heller ikkje utan vidare kan gå over til dømes hustomter, hyttetomter, hagar eller parkar, eller inngjerda areal.

Friluftslova gir altså både allemannsrett og  allemannsplikt. Pliktene og avgrensingane er der for at vi ikkje skal skade naturen eller naturgrunnlaget. Det er også slik at det som kan vere tillate for ein person eller nokre få saman, kan kome i strid med allemannsretten når mange opptrer samla på ein måte som fører til større ulemper. Friluftslova har endåtil ein såkalla sekkebestemmelse, der også andre type areal kan være innmark etter ei konkret vurdering. Skader eller ulemper for grunneigaren er vesentleg i denne vurderinga.

Vi minner også om at biler ikkje må parkerast slik at driftsvegar vert blokkert, av omsyn til både grunneigar og naudetatar. 

Så oppfordrar vi alle til å rydde opp etter seg. Ta med søppel heim!