Informasjon om søknadsfrist for beitelag frå fylkesmannen

Natur 

Snart er det 1. november og søknadsfrist for tilskot til drift av beitelag.

På nettsida til fylkesmannen er det for kort tid sidan lagt ut sak i tilskotskalendaren med opplysning om søknadsfrist, link til informasjon og link til elektronisk søknadsskjema. Sjå meir informasjon om saka på https://www.fylkesmannen.no/mr/ , https://www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/Tilskot/Drift-av-beitelag/ .

Sjå også på temasida for regionale miljøtilskot;
https://www.fylkesmannen.no/nb/More-og-Romsdal/Landbruk-og-mat/Miljotiltak-i-jordbruket/Regionale-miljotilskot/RMP-2017/

Nokre punkt å hugse på:

  • Søknaden må leverast ved å logge på altinn.no. Ved å bruke linken på vår nettside, kjem søkjaren direkte til riktig skjema.

  • Personen som loggar seg på Altinn, må passe på å velje rett organisasjonsnummer (laget sitt), for å få levere søknaden.

  • Personen som loggar seg på Altinn, må ha riktig rolle, for å kunne sende inn søknad på vegne av laget

  • Det er berre føretak som kan vere medlem i beitelaget

  • Laget må vere registrert i Einingsregisteret for å kunne søkje

  • I samandraget må søkjaren passe på å klikke knappen Send, elles blir ikkje skjemaet sendt inn.

  • NB! Søkjaren må sjekke «Min meldingsboks» i Altinn, og sjå at kvittering for innlevert søknad er mottatt der.

Fortsette utfyllinga:
Fire søknader er allereie i systemet. Det er bra at folk er tidleg ute. Det gjev rom for å rette opp manglar og misforståingar. To søknader er mottekne i kommunen, og to er under registrering torsdag 19.10. kl 13. Det er mogleg å fylle ut skjemaet i fleire etappar. Lagre, avslutte, finne meir informasjon eller ledig tid, logg inn på nytt og hald fram med utfyllinga til skjemaet er ferdig.


Når søkjaren kjem attende, og skal fortsette utfyllinga, er det ei sak å passe på. Ikkje opne nytt skjema, men vel føretak, og finn skjemaet nedanfor opplysningane om føretaket, opne det, og fyll ut.