Informasjonsmøte om kulturminneplan for Stranda kommune

Skageflaa[1].jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 15.02.2018

Stranda kommune har vedteke å utarbeide ein kulturminneplan. Den har no vore ute på høyring og gruppa som har arbeidd med planen ønskjer å presentere sluttresultatet i form av bygdemøte.

Føremålet med bygdemøta er å:

  • Presentere utført arbeid (rapport), føremålet med og bruken av planen
  • Få innspel til rapporten
    • prioritering av kulturminna
    • ev. utegløymde kulturminne

Planen er utarbeidd med status som komunedelplan, og dette vil seie at den skal rullerast i kvar kommuneplanperiode. Den planen som no vert presentert er dermed 1.ste generasjon, og det er dermed også viktig å få innspel og korreksjonar med tanke på neste revisjon.


Bygdemøter:
Torsdag  15. februar    kl. 19:30          Liabygda        Trollbryggeriet
Torsdag  15. mars        kl. 19:30          Sunnylven      Kyrkjelydshuset  
Torsdag  22. mars        kl. 19:30          Stranda          Stranda vgs. Aula
Torsdag  12. april         kl. 19:30          Geiranger       Geiranger skule

 

Møt opp og få informasjon om kva som er registrert av kulturminne i ditt bygdelag, og kva nytte du kan ha av desse registreringane sjølv!

 

Stranda kommune, næringsavdelinga

 

Lenke:

Kulturminneplan utkast p.d.d. (PDF, 2 MB)

Forslag til tiltak (PDF, 107 kB)