Introduksjonsdeltakarane invitert til kommunehuset

Omvising flykningar utklipp.JPG 

Deltakerane på introduksjonsprogrammet ved Stranda kommune hadde eit veldig nyttig og lærerikt møte og omvisning på kommunehuset. Dei vart godt tatt imot av ordførar Jan Ove Tryggestad, rådmann Åse Elin Hole og kommunalsjef Tone Lillebø.

Dei fikk lære om kommunen sine oppgaver og roller, og korleis kommunen er organisert. At kommuneleiinga er delt inn i ein politisk og ein administrativ del var nytt for mange. Det var veldig spennende å sjå kommunen frå innsida. Det vart også tid til ei innføring i valet, då valurna allereie var på plass.