Invitasjon til informasjonsmøte i Geiranger om kraftutbygging

tafjord.jpg

Tid:      Tysdag 13. november 2018 kl. 18:30
Stad:    Fjordsenteret i Geiranger

 

Turisme har vore ein grunnpilar i Geiranger for vekst og velstand gjennom svært mange tiår. Turistane kjem til Geiranger med båt, bil og buss .  Fram til i dag har køyretøy og båtar, som blir brukt til denne transporten, i svært stor grad gått på fossilt brensel, og dette fører som kjent til forureining.

Vi er no inne i eit grønt skifte der fossilt brensel blir fjerna frå transportsektoren. Sterke krefter i samfunnet jobbar for dette grøne skiftet, så dette “toget” rullar sakte framover.

Stortinget har også gjort vedtak om at verdsarvfjorden Geiranger skal verte utsleppsfri innan 2026. Dette vedtaket kan ha store konsekvensar for Geirangersamfunnet om ein ikkje har tilstrekkeleg infrastruktur i form av elektrisitet og ladestasjonar for å dekke eit nødvendig framtidig behov. Dette behovet kan ikkje aleine dekkjast av 22 kV-linja som kjem frå Eidsdal. Her vil det ikkje være nok kapasitet.

Tafjord Kraft og Mørenett har tidlegare sett på fleire alternativ med kraftlinjer inn til Geiranger for å forsterke kraftforsyninga til bygda. Det gjeld blant anna 132 kV-linje direkte frå Tafjord og sjøkabel frå Hellesylt. Ingen av desse alternativa er særleg realistiske å få gjennomført. Grunnen til det er at prisen enten er svært høg, eller så er det teknisk svært krevjande. Andre alternativ som kabel frå Stryn gjennom ny tunnel vil ikkje ha nok kapasitet, så dette er heller ikkje ei god løysing.

Eit alternativ som er realistisk for å dekke eit framtidig straumbehov i Geiranger er lokal kraftproduksjon i kombinasjon med maksimal utnytting av 22 kV- linja frå Eidsdal.

Ein kan då utnytte fallet frå Flydalsvatnet til Geirangerfjorden i to kraftverk. Dette må gjerast på ein skånsam måte med små synlege inngrep i naturen. Det er også viktig å sikre nok minstevassføring i elva for at det biologiske mangfaldet skal trivast, og for at den visuelle opplevinga av Storfossen ikkje skal bli nemneverdig forringa.

For å få til ei slik løysing må Stortinget sitt vernevedtak av Geirangervassdraget opphevast/endrast. Dette vil i så fall krevje at eit samla lokalsamfunn, næringsliv, kommunen og fylket står bak.

Tafjord Kraft, vil saman med Stranda kommune invitere til informasjonsmøte på Fjordsenteret i Geiranger tysdag 13.11.2018 kl. 18:30. Der vil vi presentere ei mogleg løysning, slik at vekst og utvikling kan fortsette i Geiranger på ein klimavennleg måte, og vi vil svare på spørsmål.

 

Med helsing

Tafjord Kraft AS

 

Erik Espeset                                                                                                                      Stig Falling

 

 

Teknisk løysning:

 

Geiranger kraftutbygging.png