Justeringar innan ordninga Investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-ordninga)

IBU midlar.jpg - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 22.09.2017

IBU-midlane som vart tildelt Møre og Romsdal for 2017 (inkl. tilleggsløyvinga) er no brukt opp.

Innovasjon Norge (IN) har også i år fått høve til å bruke inntil 20% av neste års midlar, og vil starte sakshandsaminga med det aller første. I den samanhengen har IN no sendt ut informasjon om at der vert ein del endringar i vurderingane og tildelingane frå no av. Dette skuldast mellom anna at frå 2018 skal den regionale partnarskapen sine strategiske føringar avgrensast til prioritering mellom ulike produksjonar i den enkelte region. Dette vert gjort for å få ei meir lik vurdering av saker frå fylke til fylke, og for å få ei meir individuell vurdering av kvar enkelt sak.

 

Dei viktigaste endringane er:

  • Maksimal prosentsats for investering i produksjonsanlegg blir heva frå 33 pst. til 35 pst. av kostnadsoverslaget for investeringa.
  • Det blir sett ei øvre grense for tilskott på 2 mill. kroner pr. prosjekt, med unntak for prosjekt i Troms og Finnmark.
  • Lønnsemdsvurdering av prosjekta skal ligge til grunn for tildeling av midlar. Dette betyr at utmåling av tilskot skal vurderast individuelt for kvar enkelt sak. Det skal så vurderast kva som er nødvendig av tilskot for å kunne oppnå forsvarleg lønsemd. Den øvre grensa for tilskot er 35%, men dei aller fleste vil få ei lågare utmåling enn dette.
  • Søkjarar som hentar eller planlegg å hente ei vesentleg del av sysselsetting og inntekt frå garden vil bli prioriterte.

 

Desse endringane vert gjort gjeldande frå no (21.09.2017) av. Tildelt tilskot vil dermed avvike frå omsøkt tilskot i mange av dei sakene IN handsamar heretter.