Kommunalt næringsfond - Søknadsfrist 2019

Publisert av Birgitte Langlo. Sist endra 04.03.2019

Kommunalt næringsfond.png - Klikk for stort bilete

Fristen for å søkje støtte frå det kommunale næringsfondet for Stranda kommune er måndag 15. april.

Meir informasjon, vedtekter m.m.  finn du på heimesidene til kommunen: https://www.stranda.kommune.no/tenester/naring-og-skatt/kommunalt-naringsfond/

eller du kan få dei tilsendt ved å vende deg til Servicekontoret.

Søknader til KNF skjer berre elektronisk og via portalen RF 13.50:

https://www.regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?

 

Vi gjer merksam på at Offentleglova og Forvaltningslova gjeld for søknader av denne typen.

 

Dersom du treng hjelp ved utfylling av elektronisk søknad tek du kontakt med næringssjef

Inge Bjørdal (Mob.: 464 11 023. E-post: inge.bjordal@stranda.kommune.no).

Det vert teke atterhald om at kommunen løyver 175 000 kr som er eigenandelen for å utløyse 350 000 kr frå MR Fylke.