Kulturmidlar

Kulturmidlar 2023

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje tilskot frå Stranda kommune. Søknadsfristen er 1. mai. 

Formålet med kommunale tilskot er å stimulere aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar, og å støtte kulturtiltak i regi av einskildpersonar og organisasjonane.

Tilskot kan gå til organisasjonar som driv idrett, musikk, anna ungdomsarbeid og andre kulturformål. 

Den som søkjer skal ha hovuddelen av sitt arbeid i kommunen eller arbeidet skal vere retta mot innbyggjarane i kommunen.

Årsmelding og rekneskap for forige år skal om mogleg sendast med søknaden, i tillegg til budsjett og medlemsliste. Ta kontakt med kulturleiar dersom de ikkje kan legge ved desse dokumenta.

Bruk elektronisk søknadsskjema - Lenke til skjema

NB! Søknadsfristen er 1. mai 

For meir informasjon om ordninga, sjå retningslinjene: Retningslinjer kulturmidlar (DOC, 32 kB)

Ta eventuelt kontakt med einingsleiar kultur og fritid Elisabeth A. Opsvik tlf. 464 11 054 eller eliops@stranda.kommune.no