Kurs i handtering av eternittledningar og asbestsanering

asbest.jpg

Stranda kommune i samarbeid med Eriksen HMS as inviterar til kurs i
Asbestsanering og handtering av eternittledningar
Stad: Storfjord Kulturhus
Måndag 24 april frå kl 09:00 til 15:00

Asbest i bygningar er fremleis  ei utfordring. Kanskje vert fleire eksponert for asbest i dag enn for berre 10 år sidan – dette mellom anna grunna rehabilitering av bygg som inneheld asbesthalding materiale. 

I Forskrift om arbeid, vert det stilt krav om opplæring  for tilsette og leiarar i verksemder som skal fjerne asbest. Det er også krav om opplæring i verksemder der tilsette KAN kome i kontakt med asbest—som vaktmeistrar, rørleggere, elektrikere o.a.

Eriksen HMS AS har arrangert slike kurs sidan 1987 og har brei røynsle om emnet. Kurset  passar  for mange verksemder og  gir nødvendig kunnskap om asbest,   kvar ein finn  asbest og korleis  forhalde seg til dette.

Kursavgift kr 2 000 inkl servering og kursmateriell.

Påmelding til  Stranda kommune ved næring og teknisk  på telefon 46411032 eller epost elihoy@stranda.kommune.no