KVA ER DINE ØNSKJER FOR STRANDA KOMMUNE OG DITT NÆRMILJØ SI UTVIKLING?

Kommunevåpen.jpgVi ønskjer å høyre kva DU meiner er viktig for Stranda og di bygd si framtid, og korleis vi kan nå måla. 

Stranda kommune er i gong med å utarbeide samfunnsdelen av kommuneplanen. Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunen både som samfunn og som organisasjon. Vi ønskjer å høyre kva DU meiner er viktig for Stranda og di bygd si framtid, og korleis vi kan nå måla.

Tema som står i fokus er:

  • Bygd og tettstadutvikling
  • Helse og omsorg
  • Barn og unge
  • Samferdsel og infrastruktur
  • Samfunnstryggleik
  • Naturmangfald og natur
  • Kultur, kulturmiljø og idrett
  • Næringsliv og sysselsetting

Stranda kommune inviterer alle interesserte til å delta i møter med oss for å få innspel til arbeidet. Det vert servert kaffe/te og brus  - og noko attåt. Ta med deg ditt engasjement og dine ønskjer, idear og venar, og bli med på planverkstad:

Mandag 23. april kl. 1800 på Trollstova i Liabygda

Tysdag 24. april kl. 1800 på Storfjord kulturhus

Onsdag 25. april kl. 1900 på Sunnylven samfunnshus

Torsdag 26. april kl. 1800 på Union hotell.

Helsing Stranda kommune