Lien hyttegrend - Eigengodkjenning

Lien hyttegrend.JPG - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 01.11.2017

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vart detaljreguleringsplan for Lien Hyttegrend eigengodkjend i kommunestyret i Stranda 19.10.17, sak KOM-070/17.

Planen legg til rette for frittliggjande og konsentrerte fritidsbustader, utleigehytter, bevertning, skianlegg og tilhøyrande infrastruktur.

Planen er ved eigengodkjenning gitt rettsverknad i samsvar med reglane i § 12-14 i plan- og bygningslova, og er bindande for alle tiltak etter § 1-6. Det same gjeld frådeling og anna bruk av areal og bygningar som kan vanskeleggjere gjennomføring av plan. Krav om innløysing etter § 15-2 eller krav om erstatning etter § 15-3 i plan- og bygningslova må vere sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.
Krava skal rettast til kommunen.

Vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ev. klager skal grunngjevast og sendast til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, eller post@stranda.kommune.no, innan 30. november 2017, for førebuande sakshandsaming.