No startar arbeidet med utsleppsfri turist-sjøtransport i Geirangerfjorden

Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer å gi ny konsesjon for turisttrafikk på strekninga Hellesylt - Geiranger i verdsarvfjorden frå 1. april 2022. Nasjonalt og regionalt er det vedtak om utsleppsfri sjøtransport. Korleis løyser vi dette i ny konsesjonsavtale? Det ønskjer fylkeskommunen innspel på for også å setje i gang prosessar som gjer dette mogleg  

Publisert av Birgitte Langlo. Sist endra 13.03.2019

Du er hermed invitert til dialogkonferanse i Ålesund 29. mars kl. 10-15
på Scandic Parken, Ålesund.Dialogkonferasne.jpg - Klikk for stort bilete

Sjå meir info her. Påmelding, snarast og helst seinast 25. mars.

Tentativt program (PDF, 184 kB)

Målgruppa for dialogkonferansen er:

Ferjeoperatørar, selskap, verft, underleverandørar til verft, energi-produsentar av fornybar energi, nettselskap, infrastrukturbyggjarar, FoU-miljø, verkemiddelapparatet og kunnskapsmiljø / organisasjonar innan miljø og berekraft, og alle andre interessentar og moglege tilbydarar (t.d. innan turistnæringa).

Det er viktig at aktuelle aktørar som er naudsynte for å få til utsleppsfri ferje/båt-løysing på Geirangerfjorden møter kvarandre og startar dialogen om korleis ein kan løyse utfordringa. Dialogkonferansen har til føremål å tydeleggjere behovet og å vere ein stimulans til at utsleppsfrie løysingar er tilgjengelege frå 2022.

Velkomen!

På vegne av:

Hilsen Hilde Sætertrø, tlf.: 41 68 67 88

Film om innovative anskaffelser av utslippsfrie byggeplasser