Ny elkraft til Stranda - Strandapakken ferdighandsama

Konsesjon.jpg 

Frå Stranda kommune har det vore inne fire konsesjonssøknader om småkraftutbygging  pluss ein konsesjonssøknad på fornying av lina mellom Tryggestad og Tomasgard. No er søknadene ferdighandsama, og med følgjande resultat:

Løyve til tre og avslag til eitt småkraftverk, løyve til ny luftleidning og ny transformatorstasjon.

NVE gjev løyve til Hauge, Langedalselva og Røyrhus kraftverk, medan Storfossen minikraftverk får avslag. NVE gjev også løyve til å byggje ei ny 66 (132) kV-luftleidning mellom Tomasgard transformatorstasjon i Hornindal kommune og Litlebø i Stranda kommune. NVE gjev også SFE Nett løyve til å byggje ein ny transformatorstasjon ved Litlebø og samtykke til ekspropriasjon av grunn- og rett til bygging og drift av nettanlegget.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane. Naturmangfald, landskap, friluftsliv og samla belastning har vore sentrale tema i NVE si vurdering av prosjekta, og for Storfossen sin del også verneinteresser. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

Nettanlegget som NVE gjev konsesjon til er naudsynt for å gje nettkapasitet til dei tre småkraftverka som får løyve. Samstundes vil eit høgare spenningsnivå redusere dagens nettap. Høgare spenningsnivå vil og auke nytta av eksisterande kraftproduksjon.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 40 GWh straum i eit middels år. Det svarar til straumbruken til om lag 2000 husstandar. Minikraftverket som fekk avslag kunne produsert om lag 5,6 GWh/år. Dette kraftverket hadde etter NVE sitt syn for store negative verknader for landskap i Geiranger til at vi kunne gje løyve.


NVE har sett vilkår til dei enkelte prosjekta for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. NVE har òg sett vilkår om at bygging av nettanlegget ikkje kan byrjast før det er teke investeringsavgjerd for eit minstevolum av ny kraftproduksjon på 8,4 MW.