Nye rutinar for søknad om avløysing ved sjukdom og fødsel

avløysar.jpg - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 09.07.2018

Elektronisk løysing frå 15. august

Frå 15. august vert rutinane for søknad om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. endra. Elektronisk løysing for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. skal takast i bruk frå denne datoen og gi raskare og enklare behandling.

Søk elektronisk

Føretak må registrere søknad om tilskot i Altinn.no. Kvittering for innsendt søknad og vedtak på saka blir sendt til føretaket sin innboks i Altinn. Vedtak blir varsla via oppgjeven kontaktinformasjon (anten e-post eller mobilnr.) i søknaden.

Betre informasjon - raskare behandling

I det nye systemet kan søkjarar få ei førebels berekning av tilskotet. Saksbehandlinga i kommunen vil bli enklare; saksbehandlar skal først og fremst kontrollere opplysningane og dokumentasjonen i saka. Vi kan kontrollere opplysningar om inntekt mot tal frå skatteetaten og a-meldinga direkte i løysinga.

Systemet reknar ut tilskot til utbetaling. Når kommunen har fatta vedtak om tilskot, vil pengane normalt vere på søkjar sin konto innan nokre dagar.

Brukarrettleiing

Videoar, skriftleg rettleiing til systemet og rundskriv blir lagt ut på Landbruksdirektoratet sine nettsider: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/velferdsordninger/avlosning-ved-sykdom