Nytt og forbetra fagsystem knytta til spelemiddelordninga

mynteristabel.jpg

 

 

Kulturdepartementet lanserte den 2. oktober nytt fagsystem, nye nettsider og søknadsskjema for tilskotsordningane til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Målet er naturlegvis m.a. å oppnå eit forbetring og forenkling i høve til det gamle.  

Det som m.a. er nytt, i tillegg til sjølve forbetringa/forenklinga, er at ein no loggar inn med ID port. Det er også oppretta eit nytt system for tildeling av anleggsnummer. Dersom ein skal fornye eller gjenta søknad, bruker ein framleis referansenummeret frå den førre innsendte søknaden, men merk likevel at ein no må fylle ut kostnadsoverslaget på nytt. Dette fordi det er utarbeidd nytt, elektronisk skjema for kostnadsoverslaget.

Som tidlegare finn ein god hjelp til korleis det heile skal gjerast, steg for steg i søknadssprosessen og søknadsskjemaet. Dette finn ein m.a. her: https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/send-inn-soknad/

Det er no å håpe og tru at det er blitt enklare for søkjarane å fylle ut skjemaet. Framleis er det naturlegvis ein heil del ein må få på plass, i samband med søknad om spelemidlar. Men slik bør det vel også vere, når det er snakk om så store beløp og når det er så mange som står i kø for å få tilsagn. Det er naturlegvis avgjerande viktig for departementet å vite at pengane vert nytta til det som er føremålet med ordninga.

Den nye løysinga er tilgjengeleg på www.anleggsregisteret.no (den tidlegare nettadressa www.idrettsanlegg.no skal gradvis fasast ut, men ei tid framover vil denne peike til den nye sida)

(Departementet melder at fagsystemet for tilskotsordninga til lokale kulturbygg, først vert lansert den 4. desember og at dette skuldast kapasitetsårsaker)

For meir om spelemiddelordninga og slik den fungerar i vår kommune: https://www.stranda.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/idrett/spelemidlar/

Skulle det vere spørsmål knytta til det som her med spelemiddelordninga å gjere, er det som alltid berre å ta kontakt med oss!

Men merk deg likevel fyljande:

Om det er slik at søkjar opplever utfordringar, eller har spørsmål knytta til bruken av ID-porten, skal ein kontakte Difi´s brukarstøtte for ID-porten.

Har søkjar spørsmål knytta til organisasjonsnummer og/eller enhetsregisteret, er det Brønnøysundregistrene ein må kontakte.