Opning av fv. 63 mellom Langvatn og Djupvasshytta

Brøyting Geirangervegen.jpg - Klikk for stort bilete Opnar fv. 63 mellom Langvatn og Djupvasshytta i dag kl. 16

Publisert av Evelyn Omenås. Sist endra 26.05.2017

Fredag 26. mai kl.16 opnar fylkesveg 63 mellom Langevatn og Djupvasshytta. Vegen vidare frå Djupvasshytta til Geiranger opna 15. mai i år.

Det er fortsatt mykje snø igjen ved Stavbrekkfonna. Raset på østsida har gått, men vi venter fortsatt på at raset på vestsida skal gå eller smelte ned, fortel byggeleiar Kåre Andre Berge.

Stavbrekkfonna overvakast med radar, og Vegvesenets geologar vil følgje nøye med på bevegelsane. Vegen kan derfor bli stengt på kort varsel.

Viss vi skal vente til all snøen forsvinn frå Stavbrekkfonna kjem vi uti juli. Vi opnar vegen no og følg nøye med på utviklinga. Vi har også satt opp skilt med forbod mot å stoppe på strekninga under Stavbrekkfonna, fortel Kåre Andre Berge.