Overgang til elektronisk søknad om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.m.

 

Publisert av Birgitte Langlo. Sist endra 15.08.2018

avløysing ved sjukdom og fødsel m.m..png - Klikk for stort bilete

Frå i dag av (15. august) vert rutinane for søknad om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. endra. Føretak må registrere søknad om tilskot i Altinn. Kvittering for innsendt søknad og vedtak på saka vert sendt til føretaket sin innboks i Altinn. Vedtak blir varsla via oppgjeven kontaktinformasjon (anten e-post eller mobilnr.) i søknaden.

Kortare sakshandsamingstid

Det elektroniske systemet vil redusere tida frå du søkjer om tilskot til du har pengane på konto med fleire veker.

Slik går du fram

  • Gå til nettsida www.altinn.no
  • Logg deg inn med MINID, BANKID eller liknande
  • Vel landbruksføretaket ditt som Aktør
  • Søk opp og vel ordninga ‘Tilskot til avløysing av jordbrukarar ved sjukdom og fødsel mv.’
  • Legg inn all naudsynt informasjon om sjukeperioden, utgifter til avløyser o.l.
  • Last opp nødvendige vedlegg

Rettleiing til deg som søkjer er bygd inn i det elektroniske skjemaet.

Dersom du ikkje kan bruke internett

Du kan gje avløysarlaget eller andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg.

Papirskjema vil eksistere enno ei stund

Det vil enno ei stund vere mogleg å nytte papirskjema, men etter kvart blir ordninga fullelektronisk for landbruksføretak.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kommunen.