Pressemelding frå Stranda Hamnevesen KF

Bevilgning - regional kvalifiseringsstøtte frå Regionalt forskningsfond Midt-Norge til «Big Data» analyse av miljøkvalitet i Geiranger.

Publisert av Line Drege. Sist endra 03.01.2019

Skageflaa_smalere[1].jpg - Klikk for stort bilete

Stranda Hamnevesen KF har, i samarbeid med NTNU i Ålesund og Universitetet i Bonn, sett i gang eit forprosjekt for å få ei betre forståing for korleis ulike faktorar i transportsystemet og meteorologiske forhold verkar inn på nivå av forureining i Geiranger.

I prosjektet vil store mengder data for luftkvalitet, meteorologiske forhold og transportdata verte analysert ved å bruke ulike avanserte metodar for å forstå korleis desse faktorane varierer saman. Eit slikt prosjekt er heilt nødvendig for å få eit godt grunnlag basert på kunnskap og forsking som gjeld forureiningsdynamikken i Geiranger.

- Rein natur og grøne fjordar er det viktigaste konkurransefortrinnet vi har og det skal vi ta vare på. Alternativet til å ta beslutninger basert på fakta og halde streng kontroll er at det vert umogeleg å ta i mot turistar i framtida, seier hamnesjef i Stranda Hamnevesen, Rita Berstad Maraak.

Prosjektet er finansiert av Regionalt forskningsfond Midt-Norge og vil verte gjennomført i perioden januar til juni 2019.

For ytterligare informasjon ta kontakt med:
Prosjektleiar Dina Margrethe Aspen, tlf: 924 16 580, e-post: dina.aspen@ntnu.no
Adminstrativt ansvarlig Rita Berstad Maraak, tlf: 46 41 11 13, e-post: rima@stranda.kommune.no