Pressemelding frå Stranda kommune v/Næring og Teknisk

faktura[1].jpg

Gjennomgang av kommunale gebyr – samanstilling mellom gebyrgrunnlag og matrikkeldata. Gjeld gebyr innan vatn, avløp, slam, renovasjon og feiing.

Stranda kommune har over tid oppdaga at ein del abonnentar innan sjølvkostområdet er feil fakturert i forhold til gjeldande vedteke regulativ, som vart revidert og godkjent seinast i sak KOM-114/18 den 14.12.2018.

Stranda kommune sin administrasjon har i løpet av 2018 gått gjennom grunnlaga for alle eigedomar i Stranda kommune, og sett på fakturagrunnlag opp mot registreringar i det offentlege register over grunneigedomar, såkalla matrikkeldata. Ein del av feila som vart oppdaga er openberre og er retta, mens nokre feil krev vidare undersøkingar frå kommunen sin side.

Ved feil der kommunen har kravd inn for lite gebyr, vert riktig gebyr fakturert frå 1.1.2019.

Ved feil der kommunen har kravd inn for mykje gebyr, vert riktig gebyr fakturert frå 1.1.2019, og kommunen tilbakebetaler overfakturert gebyr tilbake til 1.1.2016.

Dette gjeld også dei avtalane der feil er oppdaga, men meir undersøkingar er naudsynt.

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med:
Cato Andersen
Einingsleiar v/Næring og Teknisk
Tlf: 46 41 10 32
E-post: cato.andersen@stranda.kommune.no