Pressemelding - Veslefrikk-pris 2017 til Sunnylven skule

 Veslefrikk.jpg

Stranda kommune gratulerer 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule med tildelinga av årets Veslefrikk-pris 2017.

Årets deltaking var rekordstor og det er difor svært gledeleg at elevane gjekk av med denne høgthengande prisen.
Sunnylven skule var også i finalen med 3. og 4. klasse og vidareførte dermed tradisjonen om finaledeltaking frå tidlegare år.
Det gode arbeidet i kulturskulen i Stranda kommune gjev stadige positive opplevingar, og våre gratulasjonar går også til alle som bidreg til dette.

Les om Veslefrikkprisen her: http://musikkfaget.no/veslefrikkprisen/

Stranda, 21.04.2017

Med vennleg helsing ein stolt ordførar i Stranda kommune

Jan Ove Tryggestad