Servicevarsling frå Stranda kommune

UMS varsel.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Publisert av Intraadministrator. Sist endra 11.11.2016

Du kan no få varslingar frå kommunen via telefonen.

Stranda kommune nyttar UMS-varsling for å kunne sende SMS eller talemelding til innbyggjarane.

Dette gjeld varsling om feiing og tilsyn, brot på vassleidning, stenging av vegar eller andre drift- og vedlikehaldshendingar.

Ved SMS-varsel vil avsendar på varselet  vere "KOMMUNEN". For varsel med talemelding vert telefonen oppringd og du følgjer deretter rettleiinga som blir gitt.
Har du registrert deg mot telefonselgarar eller har hemmeleg telefonnummer, kan det hende at du ikkje mottek varsel.
Sjekk om du er registrert for denne tenesta!  Du kan gå inn på www.servicevarsling.no velg «sjekk din oppføring».
Du må ha mobiltelefon for å motta pin-kode for å oppdatere din informasjon.